tirsdag 20. oktober 2009

Nolitas creche

Nolitas creche er ein barnehage, som eg og Torill jobber i. Nolita er barnehagetanta der og det er 28 registrerte barn i barnehagen fraa 2-5 aar. Vanligvis pleier det berre aa vera mellom 13-16 unger. Vell! Berre og berre fru blom! Det er meir enn nok!


Her ser du mesteparten av barnehagen. Til venstre, bak fotografen, er det eit lite stormkjokken ting og eit bord.


Barnehagen (som er ein liten container ting) har ikkje do. Eller... Doen er ei potte utanfor der ungane sjolv ordner alt. Saa det er ikkje mykje bleiebytting eller torking av rumper her i gaarden nei. Dersom nokon av ungane ikkje klarer aa torke seg skikkelig saann at dei lukter eller tisser paa seg sjolv, blir dei gjort til latter av baade barnehagetanta og ungane. Ungane faar lov aa staa aa peike og le av den ungen. Nolita seier at dette gjer at ungen ikkje gjer det samme om igjen. Vell. Det er ikkje min maate aa tenke paa iallefall.

I dag kom me til barnehagen, og der var det nermare 20 unger og ingen barnehage tante. Det endte opp med at me var aleine med ungane heilt til 11.30. Daa hadde ingen av dei faatt frukost og me hadde ingen anelse om kvar barnehagetanta var. Dottera hennar kom aa fortalde oss at me kunne ta lunsj og at ho kunne passe paa ungene. Dottera e max 12 aar. Daa me kom tilbake var Nolita framleis vekke. Daa kl. var 13.30 kom ho endelig. Nevnte eg at ungane ikkje skjonne eit ord engelsk?

Strukturen i barnehagen er altsaa ikkje mykje aa skryte taa. Eller... Det er ingen struktur! Ungane styre paa og lagar eigne reglar. Mykje slaaing (fraa baade barnehagetanta og ungane), opplagt mobbing, "den sterkaste overlever-prinsippet" og sultne ungar som baade slaar og forhandle seg fram til meir mat. Eg har ikkje mykje erfaring med ungar og eg veit ikkje noyaktig korleis det er i ein norsk barnehage, sidan eg ikkje har jobba i ein. Men ein hugsar alle smaating fraa barnehagen og barneskulen. Her er det ingenting som heitter "innestemme", "deling", "alle barn er like mykje verd" eller at unger treng kjerleik og ein klem i ny og ne. Dei vaksne skjoner ikkje kvifor me heldt ungane i hendene, lofter dei opp og klemmer dei. Slikt er tydeligvis ikkje normalt.

Alle ungane skrik etter oppmerksemd. Nokre slaar for aa faa deg til aa sjaa paa dei, andre berre heldt seg rundt deg heile tida og vil ikkje forlate deg. Kjensla av at ein liten gut klenge seg inntil deg i armane dine, som om han stole paa deg og aldri vil slippe deg er heilt ubeskrivelig. Iallefall naar ein veit at desse ungane, mest sannsynleg, vil sitte framfor eit kjopesenter og tigge i framtida... Eller kanskje verre... Dei fortene saa utrulig mykje meir.

For eg kom her, tenkte eg ikkje at barn som blir adoptert til Noreg tar med seg saa mykje til sitt nye heimland. Eg har endra den oppfattningen. Alle ungane, store og smaa, har ein vane og ein maate aa gjera ting paa, som fungerer for dei. Men som mest sannsynleg ikkje fungerer saa bra i Noreg. I Noreg kan ein ikkje berre springe ut i vegen naar ein vil eller gaa heim naar det passer seg. Ein kan ikkje slaa andre eller manipulere seg fram til meir mat, fleire vener, ein hogare posisjon eller viktigast av alt: oppmerksemd!

Kanskje me gjer barna i Noreg bortsjemte og hjelpelause ved aa hjelpe og beskytte dei for mykje. Kanskje treng verkeleg ungane aa finne ut ting sjolv. Aa kjempe seg fram. Kanskje ikkje alle unger er like mykje verd? Kanskje nokre unger er for svake til aa overleve her nede.

Alt er saa annleis her. Baade paa godt og vondt. Vell... Mest vondt!

3 kommentarer:

  1. Hei Tone :)
    Vil berre sei at du skriv veldig bra! Det er spennande å følge med på oppholdet ditt i Afrika!

    Silje (søskenbarnet til søskenbarnet) :)

    SvarSlett
  2. Får heilt frysninga her eg sit og les. Du e så utrulig flink te å beskriva korleis da e der nede. Får nok ein tankevekkar elle 10 vil eg tru. og da gjer me som les dette og. Lykke til vidare, kjære Tone!
    Gler meg te å få deg heim att! Savne deg på jobb vett du!! Klem fra Vivian

    SvarSlett
  3. Huff! Kjem rett i frå jobb no og har klemt og kost i heile dag,utan at det nokon gong vert nok! Eg kan rett og slett ikkje forestilla meg å jobba i ein barnehage utan å villa kosa med alle dei fine ungane! Eller å ikkje læra ungane å ha respekt for dei andre,hjelpa dei med ting dei ikkje får til og beskytta dei mot vold. Da er heilt uforståelig at ikkje alle som møte desse ungane har lyst til å gje dei mykje kos og omsorg! Men som du sei Tone,alt er nok anleis der nede...

    STORklem frå Lene:)

    SvarSlett