torsdag 17. september 2009

Litt informasjon før avreise:)

Her kjem litt informasjon om korleis livet mitt i Sør-Afrika skal vera.

Eg reiser frå Norge 1.Oktober og lander i Cape Town 2.Oktober midt på dagen, lokal tid. Eg er nokre dagar for tidlig, men skal bu i frivillighetshuset til "programmet" byrjar. Den 4.okt byrjar introduksjonsveka (guri, korleis skriv ein det?). Då skal me (eg og andre frivillige) vera litt "turister" i Cape Town. Då skal me få informasjon og oppleve litt av byen. Etter denne veka reiser eg til vertsfamilien min, som eg skal bu hos resten av oppholdet. Dei bur i Kayamandi/Stellenbosch som er 65km frå Cape Town. Der skal eg jobbe på eit prosjekt som heiter "Nolita’s Crèche". Ein barnehage med barn frå 2-5 år gamle og eg skal jobbe frå 7-16.00 frå mandag til fredag.

Dersom du har lyst å skrive brev til meg, så er adressa:

SASTS Inbound Programmes
TONE MJELDE
P O Box 1381, Cape Town, 8000
South Africa

Thats all I know, for now:)


Så nokre tankar, som plutselig spratt opp i hovudet mitt:
- Kor mykje klede skal eg ha med meg?
- Kva skal eg kjøpe til vertsfamilien?
- Skal eg ha med meg noko lurt til barnehagen, som ungane ikkje har sett før eller som kan aktivisere dei på ein ny måte....?

Har du nokre idear?