mandag 2. november 2009

3 veka i barnehagen

Daa var veke nr.3 i barnehagen over. Me var heime mandag pga. sjukdom og tirsdag fekk me beskjed om aa gaa heim, daa klokka var 11. Onsdag var Nolita i barnehagen mesteparten av tida og det var forsaavidt rolige tilstander. Torsdag braut helvette laus. Me kom til barnehagen og Nolita var ikkje der. Daa klokka var litt over 10 kom ho og sa at ho var litt sein. Dei 20 ungane hadde daa vore der sidan kl.7, utan nokon vaksne. Me kom i halv 9 tida. Uansett. Ungane fekk mat, og ho forsvann igjen.

Det vart fullt kaos. Ungane skade kvarandre verkeleg. Dytting, biting, stol-kasting og slosskamper skjer mellom kvar einaste unge, SAMTIDIG. Dersom eg hadde hatt 20 armer, saa eg kunne halde alle i ro, og 20 auger som kunne sjaa akkuratt paa kvar enkel unge. Og ikkje minst; hadde eg kunne snakke Xhosa, saa hadde eg kanskje kunne faatt dei til aa vera stille og paa ein eller annan maate vera til nytte.

Den eine ungen, Noto, gjekk rundt aa stakk andre unger med spiker i ryggen. Daa me saag dette vart me sjolvsagt sinte og stoppa han. Eg provde aa halde han i ro, men han beit meg og skreik som om eg skada han skikkelig. Etterpa laag han aa grein i 30 min samanhengande.

Daa Nolita kom tilbake, ca. 2 timer etterpaa, byrja alle ungane aa sladre paa kvarandre. Ho spurte oss kva som hadde skjedd og me sa at alle hadde tatt heilt av og at ingen hadde hoyrd paa oss. Me fortalde og om eppisoden med Noto.

Nolita bestemte seg for at alle ungane skulle straffast fordi ingen respekterte oss. Straffen var 4, denne gangen HARDE, slag paa armen. Ho sa til ungane at dette er slag fraa oss, fordi dei ikkje hoyrte paa oss. Nolita reagerte skikkelig paa at Noto beit meg og skada meg, fordi ungane ikkje har lov aa skade oss, og ho slo han meir enn dei andre.

Etteer at dei fyrste hadde vorte slaatt og faatt straffen sin, klarte eg ikkje aa sjaa paa det lenger. Det var som Torill sa; det er nett som om me slaar dei sjolv. Eg sjonar rett og slett ikkje korleis slaainga skal gjera noko betre. Eg er sjolvsagt enig i at ungane ikkje skal skade oss. Men me slaar jo dei. Kvifor kan dei vaksne slaa og ikkje ungane?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar