mandag 7. desember 2009

Hjelpes for ei helg!

Eg har lagt merke til at innlegga mine i denne bloggen svingar veldig i humoret, men de faar berre leva med klaginga mi og mas om kor fint eg har det. Det er tross alt Sor Afrika, paa godt og vondt:)

Denne helga var fin, men hjelpes saa travel. Eg har vanligvis fri fredager, men eg bestemte meg for aa hjelpe Maayke (ho eg bur med) med det ho driver paa med. Noko som ikkje er lite. Ho byrja i "Nolitas creche" daa eg slutta der. Ho har verkeleg skapa ein revolusjon der og har tatt heilt over, noko som var veldig nodvendig. Eg angrar paa at eg ikkje var flinkare til aa sei: "Saann gjer me det. Eg bestemmer". For det er slik du maa vere der, dersom noko skal skje. Eg veit ikkje. Eg folte liksom at da vart litt saann:"Her kjem eg, kvit og blond, og skal bestemma korleis du skal gjera ting". Men som sagt: Det er verkeleg nodvendig. Nolita (barnehage tanta) kan veldig lite, og ho ser ikkje kor betre ting kan bli berre ved aa gjera et par forbetringer. Uansett... Maayke har tatt over og gjort mykje positivt. Ho har introdusert handvask og tannpussing i barnehagen, og laga ein plan over korleis dagen skal vera. Denne veka fekk ho nokre lokale snekkarar til aa bygga ein sveera terrasse utanfor barnehagen. For var det berre steiner der og ujevnt underlag, altsaa ikkje ein plass for unger. Terrassen har ho betalt av EIGA lomme, ca.3000 rand (ca.2300 NOK). Ikkje nok med det. Denne helga, lordagen, arrangerte me graduation party for ungane som skal vidare til skulen etter sommarferien/juleferien. Dette betalte ho ogsaa, ca.1000 rand (800Nok). Eg har vore med aa stotta til graduations kappene (200 rand) + innkjop paa ca.250 rand (ca.350 norske kr). Ho haaper aa faa igjen litt penger av venner og familie heimifraa, sidan ho skal reise i 7mnd og har et stramt budsjett.

Fredagen stressa me altsaa mykje. Me sto opp halv 8 og gjekk fram og tebake fraa Kayamandi til Stellebosch med maling, ballonger, pynt, mat og andre nodvendige ting. Fraa 12 til 17.00 mala me gjerdet paa terrassen rundt barnehagen i regnbogens farger. Det var ufatteleg varmt! Daa kvelden kom var eg utslitt og sov som ein stein til neste dag.

Lordag maatte me ogsaa tidlig opp. Halv 9 gjekk eg ned til banken for aa faa tak i bankkortet mitt igjen. Heldigvis fekk eg det tilbake, etter ein halvtimes venting. Eg kjopte inn endaa meir nodvendige ting og gjekk heimatt te Kayamandi.
Daa kl. var 11 skulle festen begynne. Men joda. Ka skjer? Ingen unger, ingen foreldre, ingen barnehage tante. Me hadde lettare panikk, men alle andre var heilt rolege. Folk byrja aa komme i 12 tida, og me skjonte at dette kunne bli ein laaaang dag. Daa klokka nerma seg 14.00 kunne me endeleg starte. Rundt 70 (!!!) smaa og store vart pressa inn i den knott litle barnehagen. Heilt utrulig. Eg kan ikkje forklara korleis alt foregjekk, for da e umogleg aa forklara. For ein dag! Daa klokka var rundt 17.30 kunne me gaa heim, godt fornogd, men veldig trotte.

BEFORE terrasse bygginga:
ETTER:

Stor plass :)


Har du lyst aa hjelpe?
Det kan du! Dersom du gjer meg ein lyd (nr. 94896985)og setter inn nokre kroner paa min konto (36321127112), saa overforer eg dei med ein gong over til hennar konto. Kvar krone hjelper og dette e ein kjempe fin maate aa stotte ungane i Kayamandi! (Det gjer ingenting at du vil stotte etter eg har kome heim. Eg sender likevell pengene til Maayke)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar